Simpel Knog

Spissøl er eit tradisjonelt norsk øl som vert laga ved å meske ein ekstra gong etter at vørteren til sterkølet har runne ut. Resultatet er eit lettare øl med lågare alkoholprosent – ein smart måte å utnytte råvarene maksimalt på.
I vårt spissøl vert bygg og havre meska i or- og einerlåg, deretter kokt i fleire timar i ein koparkjele frå mellomalderen med lokal humle. Til slutt vert det gjæra med den originale Selland-kveik-kulturen.

«Simpel Knog» er laga i samarbeid med Ivar A. Geithung og Johnny Ottar Pedersen, som begge bur nær Voss. Det er Johnny du ser på etiketten – han jobbar i jernbanen. Simpel Knog var eit gammalt uttrykk brukt om dei lokale sesongarbeidarane som hjelpte til med tungt fysisk arbeid, som å flytte jord, grus og stein under jernbaneutbygginga.

Stil:
Tradisjonelt norsk gardsøl

Ingrediensar:
Mineralvatn frå Osekilden, byggmalt, havre, humle, einer, kveik (gjær)

I sal hjå:
I eige og utvalde ølutsal i heile Noreg.
Produktnavn: Simpel Knog Spissøl (For the Love of Kveik)
Format: 0,44L boks
GTIN:  7090051040509

20L og 30L KeyKeg også tilgjengeleg

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.